Elevkoordinator er kontaktperson for elevrådet, elevsamfunnet Hugin, russen, og dei andre elevgruppene ved skulen. Elevkoordinator har også ansvar for andre elevaktivitetar som ikkje er ein del av undervisninga. Eksempel på andre aktivitetar er bordtennisturnering og aktivitetsdag.
Elevkoordinator Henrik Hysing-Dahl har kontor på loftet i K-bygget alle dagar unntatt torsdag. På torsdagar finn du han på M102 i 1. etasje i M-bygget.
Elevkoordinatoren har "open dør" slik at elevar kan komme utan avtale, men sidan kontortidene varierer litt kan det vere lurt å gjere ein avtale ved å sende melding på It’s Learning eller epost til henrik.hysing-dahl@vlfk.no