Hopp til hovedinnhold

Skolehelsetenesta

Skolehelsetenesta er eit tilbod du kan oppsøke ved behov. Dette er eit gratis, lett tilgjengeleg helsetilbod på skulen. Skolehelsetenesta driv ikkje behandling, men gir råd og rettleiing i helsefaglege spørsmål. Vi har teieplikt og tenesta er gratis.

Helsesjukepleiarane tilbyr samtalar om psykisk helse, stress, press, kropp, kosthold, søvn, seksualitet, prevensjonsveiledning/resept, testing av klamydia, vaksinering, m.m. Ved behov for vidare tilvising til f.eks. lege eller psykologi, kan vi bidra med hjelp til det.

Skolehelsetenesta samarbeider bl.a. med skolen sine lærarar, rådgjevarar, elevinspektør, OT/ PPT (Oppfølgingstenesta / Pedagogisk - psykologisk teneste), BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk) og fastlegar. Er det behov for tilvising vidare, kan du få informasjon og hjelp til dette.

Helsesjukepleiarane deltek i skolen sitt ressursteam, og har teieplikt. Det betyr at dei må få samtykke frå deg dersom dei opplever at det er nødvendig å drøfte  situasjonen din med samarbeidspartnarar når du ikkje er til stades.

Ta kontakt

Helsesjukepleiarar Astrid Steinsland (mobil 94500551) og Vibecke Øyjordsbakken Anderssen (mobil 40909465) har kontor i 1.etasje på H-bygget. Dei har "open dør", som betyr at elevar kan komme utan timeavtale. Ta kontakt med helsesjukepleiar på SMS eller Its.learning.

Besøk hos helsesøster blir ikkje rekna som fråvær når det er dokumentert.

  • Ung.no er oppslagsverket for deg som er ung. Her får du svar på mykje av det du kan lure på. Nettstaden er drifta av Barne-, ungdoms- familiedepartementet
  • Rådet for psykisk helse er ein humanitær organisasjon som arbeider for å skape eit best mogleg liv for barn og vaksne med psykiske lidingar
  • Skeiv ungdom jobbar for unge lesbiske, homofile, bilfile og transpersonar sine rettar og levekår
  • Nullmobbing.no - Informasjon til barn, unge og foreldre om mobbing og rettar.
  • NOK Bergen er eit tverrfaglet, gratis og lavterskel hjleptilbod til utsette for seksuell overgrep og deira pårørande.
  • Helsebiblioteket - Påliteleg og reklamefri helseinformasjon for pasientar og pårørande.