Studiespesialisering

Trappeoppgangen Holbergbygget

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor velje studiespesialisering?

Dersom du likar å jobbe med teoretiske fag og vil ta høgare utdanning kan du velje studiespesialisering.

Om du veit kva for utdanning du vil ta seinare bør du undersøke om du må ha spesielle fag for å kvalifisere deg til studiet.

På vilbli.no og utdanning.no kan du lese meir om faga du kan velje mellom. 

Programområda våre

Vg1 er felles for alle som har valt studiespesialisering. På Vg2 tilbyr vi desse programområda:

  • Realfag
  • Språk, samfunnsfag og økonomi

Du kan også lese meir om skolen sitt fagtilbod på vilbli.no

Skulen vår

Vi er stolte av mangfaldet på skolen vår. Ulike utdanningar gjer at vi har mange ulike elevar. Skolen har omtrent 700 elevar på studiespesialiserende, blant dei er IB og tilpassa løp for elevar som treng trening i norsk. På studiespesialiserende har vi 6 paraleller på kvart trinn.

Skulen opplevast ikkje som stor, då det er mange små og mellomstore plassar å samlast rundt på skolen.

Er du ein elev som likar å engsjere deg, er det mange ulike mogligheitar for det på skolen. Foreningane sprikar frå politisk og miljø engasjement til sosialt samhald. Dette gjer det lett å finna nye venar på skolen. 

Det er ikkje naudsynt å delta i foreningar for å finna nye venar. Kvart år reiser første klassane til Katteli på sammenristingsturar. Katteli er ei hytte eigd av elevane. Ho vart reist i 1953 og ligg sentralt på Mjøfjell. Kvar klasse har to dagar på Katteli for å bli betra kjend med kvarandre. Sammenristingsturane har fokus på det sosiale og skal skapa samhald i klassane. Opphaldet på Katteli gir høve for elevane å bli betra kjend med kvarandre og lærarane. Katteli blir òg brukt til ekskursjonar i fag som biologi og fysikk.

Elevrådet på skulen står sterkt. Det er viktig for skulen å samarbeida tett med elevrådet. På denne måten får elevane ein stemma i viktige møte og kan påverka skuledagen.

Fag og timetal

Første året har alle elever kun fellesfag. Eleven velger mellom teoretisk og praktisk matematikk. I alle fag, unntatt matematikk og 2. fremmedspråk går elevene sammen i klassene sine. 

Programområde og programfag velges før andreklasse og før tredjeklasse.

Fag Timetal VG1 Timetal VG2 Timetal VG3
Norsk
4
4
6
Matematikk
5
3
0
Engelsk
5
0
0
Naturfag
5
0
0
2.framandspråk
4
4
0
Samfunnsfag
3
0
0
Geografi
2
0
0
Religion og etikk
0
0
3
Historie
0
2
4
Kroppsøving
2
2
2
Programfag (felles og valfrie)
0
15
15
Sum timetal per veke 30 30 30

Informasjon om Vg1

Første året har klassane for det aller meste undervisning saman i eigne klassar. Untaket er i matematikk og i 2. fremmedspråk.

Alle klassane reiser tidleg til Katteli på ein sammenristingstur. Her blir elevane betre kjent med kvarandre. Sammenristingsturen er viktig for læringsmiljø og trivsel på skolen.

Informasjon om Vg2

Før Vg2 må du velja programområde og programfag. Halvparten av undervisninga skjer i programfagene. Her vel du sjølv vilke fag du ønsker å fordjupa deg i. 

Programfag gir ei god moglegheit til å møta andre elevar med same fag interesse på tvers av klassar. Du får moglegheit til å fordjupa deg innanfor fagområda.

Informasjon om Vg3

Vg3 er siste året på vidaregåande. Dette året fullfører elevane fordypningen i programfagene. Norskfaget blir avslutta etter tre år. .