Hopp til hovedinnhold

Lag og foreiningar

Bergen Katedralskole har mange lag og foreiningar. Her kan elevane engasjera seg i det dei ønsker. Nokon av foreiningane strekker seg heilt til baka til 1860. Dette er med på å gjera Bergen Katedralskole ein rikare skole. Det er med på å bygga opp eit godt skulemiljø. Dette er lag og foreiningar som er viktig for skulen, men også for elevane som går her.

Elevrådet

Bilete frå skolen Tore Eikelands legat støtter i afrika.

Aksjonskomite

Aksjonskomiteen jobbar med planlegging og arrangering av skulens aksjonsdag og internasjonal dag. Skulen samlar inn pengar til Tore Eikelands legat, som er ein organisasjon som «Oppmuntrar unge menneske til å delta i demokratisk politikk». Legatet vart oppretta som minne om tidlegare elev på Bergen Katedralskole, Tore Eikeland som vart drepe i Utøyamassakeren i 2011. Organisasjonen ønsker å bringa ideane og tankane til Tore Eikeland vidare, og skapa ein rettferdig skulegang. Tore meinte at kvar form for økonomisk endring må starta med utdanning, og det er akkurat det pengane vi samlar inn til Tore Eikelands legat går til.

Bilete frå revyforestilling

Kattenrevyen

Skulens elevstyrte megashow! Her står elevane på nærast heile skuleåret. Dei lagar ein revy som kan nytast av alle nysgjerrige sjeler. Det finst ei gruppe i revyen for alle. Om du er musikalsk, teatralsk, glad i snekring, maling, teikning, mote, sosiale medium, er på utkikk etter eit utløp for kreativitet eller dersom ein berre ønsker å vera sosial. Alle desse interessene og evnene er nødvendig for å setja saman revyen til skulen. Dette er vi så heldig å finna hos det store mangfaldet av elevar ved Katten!

Bilete av styret i Hugin

Hugin

Hugin vart stifta i 1860 og er Kattens eldste organisasjon. Vi jobbar gjennom heile året, hovudsakleg for det sosiale miljøet på skulen. Dette gjer vi ved å arrangera feiringar, temadagar og andre sosiale arrangement.

Nokon av dei faste arrangementa våre er rundt Valentines, påske, Halloween og andre høgtidar. Vi tar gjerne mot nye medlemmer og er open for forslag og idear om arrangement gjennom skuleåret.

Om nokon har nokre spørsmål er det berre å spørja Vera L. Lind (leiar) på Itslearning, eller senda melding til katten_hugin på Instagram, så prøver vi å svara på fort som mogleg!

Spillklubben i aksjon

Spillklubben

Spillklubben handlar akkurat om det det høyrest ut som. Vi koser oss med brettspel og kortspel, og skaper god stemning. I tillegg er spelas verda ein fin arena for å bli kjent med elevar frå andre klassar. Så kom innom enten det er at du treng ei real utfordring, eller at det er lenge sidan du har spelt favorittspelet ditt. Eigentleg er det berre å komma innom uansett, men det er lett for at du blir ei stund. Sest!

Katten Målungdom

Katten Målungdom er for alle som interesserer seg for språkmangfald, nynorsk og dialektar. Me går på kulturelle tilskipingar som teaterstykke, nynorsk improshow og et god mat. Norsk Målungdom er moderorganisasjonen vår, og me får mykje støtte i frå dei til å drive med aktivitetar! Om du vil få venner på tvers trinn og samtidig tilbeda Ivar Aasen, bli med!

Bilete av gjengen frå Verdens Nasjonaldagar

Verdens Nasjonaldager

Har du ein skjult lidenskap for nasjonaldagar?

Vi feirar nasjonaldagane i verda og har som formål å fremma kulturelt mangfald og spreia god stemning på skulen. Kvar månad arrangerer vi ei større feiring av ein tilfeldig nasjonaldag. Der serverer vi herleg mat frå landet som blir feira og det blir halde aktivitetar og konkurransar med premie! Følg med på instagram for opne møte med snacks og når neste nasjonaldag er! Vi feirar kulturelt mangfald nesten kvar dag!

Bilete frå heismaskinklubben si instagram

Katten heismaskinromklubb

Katten heismaskinromklubb er ein klubb for alle heisentusiaster på bergen katedral skule! Vi har mange sosiale happenings som Fløyen tur og gratis saft med treet.

Kattenavisen

Kattenavisen, også kjent som Opiniones Felisianae, har helt siden 1964 vært en bauta i katedralskolens skolemiljø. Kattens fjerde statsmakt har siden 2016 også vært å finne på internett, der de hyppig rapporterer om hendelser både på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

Katten Bordtennisklubb