Hopp til hovedinnhold

Avdeling Kyrre

Bilde 22.06.2021, 11 41 26 – hjemmeside 1.jpg

Dette er eit individuelt tilpassa skuletilbod for unge med psykiske vanskar som treng å fullføre heile, eller deler av, vidaregåande opplæring. Omfanget kan variere frå 2 til 22 timar pr. veke. Elevane kan oppnå studiekompetanse.

Søknadsfrist til Kyrre var 1. februar 2023. 

Du vil få svar på søknaden din i byringa av juli.

Har du spørsmål kring søknaden din, kan du ta kontakt med Vestland fylke, Inntakskontoret på tlf. 51 20 71 17.

Det er særs viktig at det vert sendt inn ein uttale frå behandlar i samband med søknaden. (Søknaden din vert ikkje handsama utan dette.)

Sjå kva som bør stå i uttalen: behandlaruttale

Før du får låne lærebøker på skulen, må du ha signert ei digital lånekontrakt. Du finn lenka her:

https://skjema.vlfk.no/opplaering/person/lanekontrakt_elev

For å få låne lærebøker må du ha nasjonalt lånekort/bibliotekkort. Det får du på alle offentlege bibliotek.Ta med ID. Har du eit slikt gyldig kort frå før, treng du ikkje å skaffe deg eit nytt. Elektronisk lånekort fungerer også bra. Utlånstida er 1 skuleår. 

Avdeling Kyrre sitt tilbod

Bergen Katedralskole, avdeling Kyrre, tilbyr fag innan studiespesialisering og påbygg til generell studiekompetanse. Vi er eit skoletilbod for ungdom mellom 16 og 24 år med psykiske vanskar (elevar som har ein behandlar i psykisk helsevern). Undervisninga er organisert i mindre grupper/klassar. Elevane skal ha tid til behandling og helsefremmande aktivitetar; difor har ingen full timeplan. (2-22t/v)

Les meir om fagtilbodet her.

Vi har fokus på eit trygt læringsmiljø, relasjonsbygging og meistring. Les meir om elevmiljøet på Kyrre

Tilbodet ved Kyrre er definert som spesialundervisning.  Søknadsfristen til skolen er derfor 1. februar. Du søkjer via Vigo. Inne på Vigo vel du Bergen katedralskole. Tilvising og samtykke til PPT må fyllast ut av nye elevar.

Alle elevar skal sende inn ny behandlaruttale kvart år. 

  • Søknadsfrist: 1. februar.
  • Dette må vere med i ein behandlaruttale.
  • Undervisninga på Kyrre er rekna som spesialundervisning. Tilvising og samtykke må fyllast ut av alle elevar på Kyrre. Ta med MinID/BankID på skulen dersom du treng hjelp med utfyllinga.
  • Elev-PC og IT tenester
  • Søknad om fritak
    Når det gjeld søknader til skulen om diverse fritak, søkjer du no sjølv på Visma InSchool (VIS). Logg deg inn i VIS.
  • Lånekassen: Når du søkjer om lån/stipend må du velge nei til Vigo og velge Bergen katedralskole avd. Kyrre på skulenamn. (Då vil søknaden din kome til Kyrre.)
  • Skoleskyss: Treng du drosje til og frå skulen må skulen søke for deg. For at vi skal kunne gjere det må ferdig utfylt legeerklæring leverast/sendast skolen.
  • Lærebokutlån: Alle som skal låne lærebøker må ha nasjonalt lånekort. Elevar som ikkje har gått på vgs før, må også signere digital lånekontrakt. Les meir
  • Følg oss på Snap: kyrrevgs

 

Kontaktinfo:

Måndag-onsdag: 08:00-15:30
Torsdag: 08:00-15:30/13:30
Fredag: 08:00-14:30
Tlf. 94 00 69 35. E-post: post.kyrre@vlfk.no

Elevtelefon (kun for elevar): 94 17 41 08.

Post/besøksadresse: Bergen katedralskole avd. Kyrre, Lars Hilles gate 20B, 5008 Bergen.