Hopp til hovedinnhold

Berlinutveksling 2026

Elevar i Berlin

Vi var 12 elevar frå tyskfaget og to lærarar som var ei veke på utveksling i Berlin. Vi besøkte dei elevane som hadde vore hos oss i haust. Elevane budde heime hos vertselevar for å snakke mest mogleg tysk og oppleve kulturen.

Temaet vårt var demokrati og medborgarskap, og vi var på fleire interessante workshops. Til dømes besøkte vi Riksdagen, utstilling om Berlinmuren og Topographie des Terrors. I løpet av veka lærte elevane om ulike tidsepokar knytte til diktatur/demokrati, som korleis fascismen kan få grobotn og kva konsekvensar det har å leve i høvesvis eit diktatur og eit demokrati.
På fritida hadde elevane det fint saman, og trefte kvarandre for å spele bowling, brettspel, sjå på film og ete kebab.
Vi ser tilbake på ei solfylt, kjekk og interessant veke og gler oss til neste moglegheit.