Streiken har hatt stor innverknad på skulestart i år. Det er kjekt å sjå at noko går som normalt. Det er mange som er skuffa for at turen deira til Katteli har vorte avlyst, men for ein av førsteklassane er det anderledes, dei kunne dra.
Kva som skjer med turane til dei som ikkje får reist opp som planlagt er usikkert. Det som er sikkert er at for elevane som fekk reist til Katteli, vart det ein fin tur. Dei fekk to flotte dagar. Onsdag tok dei toget opp til Ørnaberget stasjon, og tilbake torsdag ettermiddag. Dei fekk tid til det klassane vanlegvis gjer når dei drar til Katteli. For dei som gjekk tur til Slondalen vart det òg konsert med Jan på tussefløyte.
Viktigast var kanskje likevel sjanen til å treffa nye klassekameratar utanfor klasserommet og skapa nokon felles minne


