Hopp til hovedinnhold

Film og TV

På Bergen katedralskole har du tilgang til fleire film- og tv-ressursar. Nokre av desse er opne for alle og andre abonnerer vi på.

Skolebiblioteket har både spelefilmar og dokumentarprogram på dvd - ei vekes lånetid som kan forlengast ved behov.

FilmBIB- norske kort- og dokumentarfilmar. Info om nye filmar m.m. finn du på Facebook: https://www.facebook.com/filmbib/. Kan no også lastast ned som app for Android/iOS. Logg inn med bibliotekkort og pinkode. (Spør på skolebiblioteket dersom du treng hjelp.)

Elevkanalen / TV2 Skole - ein læremiddelportal med innhold frå flere forlag, organisasjoner og mediehus. Alt innhald er knytta opp mot kompetansemål i læreplanar frå Utdanningsdirektoratet og Kompetanse Norge. Logg inn med Feide.

NRK Skole - Eit digitalt klipparkiv, som består av lyd og bilde frå NRK sine radio- og fjernsynsarkiv. Innhaldet er knytta opp mot kompetansemåla. Foreløpig tilbyr dei naturfag, norsk, samfunnsfag, samfunnsøkonomi, matematikk, mat og helse, religion og etikk, KRLE og geofag.

The Why Foundation - dokumentarfilmar om fattigdom, kvinner, moderne slaveri, demokrati, m.m.

NDLA Film har også mange videoer tilknytta forskjellige fag.

TED Talks - videos about many different subjects.

Norsk filmografi - informasjon om norske langfilmar som har vore vist på kino

Filmatisert norsk litteratur - Bergen offentlige bibliotek si liste over filmatisert norsk litteratur.

bilde av filmklapper frå Pixabay

Spesielt for lærarane

Nettbasert klikkefilmteneste som tilbyr skolar, bibliotek og offentlege institusjonar tilgang til over 2200 filmar. Søking er tilgjengeleg for alle, men framvising berre tilgjengeleg for tilsette på Bergen Katedralskole.

Nedlasting av over 2500 dokumentarprogram, m.a. mange BBC-program som har gått på NRK.

Innloggingsinfo

Tilbake til biblioteket si heimeside