Hopp til hovedinnhold

Adil Kahn

Plakat for Adil Khan sitt foredrag

Tysdag hadde vi besøk av Adil Kahn. Han heldt foredrag for Vg1 og Vg2 elevane. Foredraget har han kalla "Motstand = Styrke”, og handlar om eigarskap til eige liv.

Gymsalen var fyllt med elevar som kanskje ikkje heilt veit kven Adil Kahn er. Han er som han seier sjølv, den første ikkje etninsk norske som vann ein TV-sendt konkurranse. Han vann den første norske versjonen av "So you think you can dance?".

PXL_20221025_102620265.jpg

Foredraget handlar om oppveksten hans prega av mobbing, rasisme og utenforskap. Det er ein sterk og gripande historie. I to timar sat elevane og vart gripe av historia hans. Det var nok mange som forlét gymsalen tankefulle og med inspirasjon om å ta eigarskap til eige liv.