Hopp til hovedinnhold

Aktivitetsdag

Tautrekking

Me avsluttar nest siste skuledag med aktivitetsdag for Vg1 og Vg2. Her får elevane prøvd seg på mange ulike aktivitetar. Klasseromma er rigga med ulike aktivitetar.

I K-bygget kunne elevane velje mellom rokonkurranse, perling, FIFA, VR-briller og rebus. I M-bygget var det sett opp nintendo wee og singstar. I gymsalen vart det spelt volleyball. Til lønsj grilla tilsette pølser til elevane. Det heile vart avslutta i gymsalen. Etter tautrekking mellom klassane vart premiar for ulike prestasjonar delt ut. Ein dag med god stemning og mykje fin mingling.