Hopp til hovedinnhold

Biologi 2 ekskursjon

Elevar på ekskursjon

Årets biologiekskursjon til Katteli starta med eit spektakulært regnvêr om morgonen då me stilte opp på jernbanestasjonen. Heldigvis letta vêret og me fekk to fine dagar i felt der vegetasjon i myr, i skog og i lågalpin sone på ca 1100 m.o.h. vart studert.

 

Me gjekk til verks med kvadrat- og linje (gradient-)analyse, to metodar som gir representativ oversikt over vegetasjonen i eit område, og forandring av vegetasjon mellom to nabo-økosystem (t.d. frå skog til myr, eller frå rabb til snøleige). I tillegg vart det samla inn plantar til pressing for eigne herbarium. "Væpna" med appen Artsorakelet (-og sjølvsagt sjekking av resultat i ei florabok) vart me raskt ein gjeng ekspertbotanikarar. På bileta ser me flaksestarr, teiebær og ein fin bukett unge forskarar frå skulen.