Hopp til hovedinnhold

Cartoons for Active Citizenship

Bergen Katedralskole har delteke i Erasmus prosjektet Cartoons for Active Citizenship. Dette er eit prosjekt med lærarar og elevar frå Noreg, Tyrkia, Frankrike, Portugal og Italia. Prosjektet har hatt som mål å finna effektive måtar å bruka digitale vektøy for å laga teiknefilmar og animasjonar for å oppnå sosial inkludering og skapa aktive medborgarar.

Møtet som blir no avslutta er det siste møtet for studentar og lærarar frå dei fem deltakarlanda. Kvart land delte storybuarda dei hadde laga, og deltakarar frå arrangørane frå Cartoon Mill gav råd om korleis ein kan forbetra karakterane og komposisjonen.

Dei endelege animasjonsfilmane vil bli viste på ein internasjonal filmfestival i Tyrkia i juni. I tillegg til å jobba med animasjonar har det også vore tid til kulturelle ekskursjonar. Deltakarane har vore i Frankrike i Nante, besøkt slottet og sett kjent graffittikunst og besøkt museet for maskiner. Det har også vore tid til aktuell kunnskap, som kvifor dei for tida streikar og har opptøyar i Frankrike. Heldigvis ligg overnattinga langt frå byen, og veldig fredeleg.

Eitt lærerikt prosjekt som starta i 2021 og som no går mot slutten. Her er det mange erfaringar og ny kunnskap å ta med vidare.