Hopp til hovedinnhold

Digg Puter

Elevane frå Digg Putar

Den første ungdomsbedrifta til Bergen Katedralskole er stifta. Gjennom entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 har elevane Andreas Bern, Ib Holmstrøm og Martin Voland etablert bediften Digg Puter.

Elevane har eit hårete mål, som kanskje er det som skal til for å lukkast. Dei seier sjølv at dei er ei ungdomsbedrift som skal revolusjonera puteindustrien.

Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 handlar om innsikt i etablering og vidareutvikling av verksemder. I faget skal elevane få både teoretisk og praktisk forståing av korleis menneske og verksemder kan påverka utviklinga av næringsliv og samfunn. Faget handlar også om korleis entrepenørskap kan skapa nye og utvikla eksisterande arbeidsplasser. Gjennom faget skal elevane bli førebudde på vidare studie og framtidig arbeidsliv.

Dette er første året me tilbyr faget til elevane. Dette kom gjennom ønske frå elevane sjølve. Kanskje var det allereie når elevane ønskte faget, at dei starta å læra om entrepenørskap?