Hopp til hovedinnhold

Besøk frå Goethe Gymnasium

Elevar i fløybanen

Tyskfaget i Vg2 var tidlegare i haust så heldige å ha utvekslingsbesøk frå Goethe Gymnasium i Berlin. Dei 12 tyske elevane budde privat hos elevane våre, og hadde saman eit opplegg om temaet Demokrati og medborgarskap på dagtid. Då var vi mellom anna hos FN-sambandet og Raftostiftelsen.

Vi ville sjølvsagt også vise dei vakre Bergen, og gjekk på tur til Fløyen og hadde bålkos og Capture de Flag. Guidetur på Bryggen og Nordnes og ein Munchutstilling på Kode fekk dei også oppleve. Veka vart avslutta med taco-fredag på skulen, med stor suksess. 
Dei norske elevane våre gjorde det beste av veka og tok dei med på mykje kjekt på fritida. 
Vi gler oss til gjenbesøket i Berlin og til å treffe alle saman igjen.