Kattenuken 2025 er over. Tema har vore Demokrati og medborgarskap. Elevane har arbeidd i grupper, og funne fram til ei eiga problemstilling. Denne har dei jobba med frå tysdag til fredag.Gruppene har vore sett saman av elevar på tvers av trinn. I tillegg til å jobba med eiga problemstilling har dei også deltatt på ulike aktivitetar.
Me er svært glade for at Raftostiftelsen har stilt opp. Dei har gjennomført åtte demokratispel for 240 elevar. Dei har også gjennomført rollespel med nesten 180 elevar i kvart av rollespela.
Alle elevane har lese fire noveller i tilknyting til tema. Henning Bergsvåg og Grethe Fatima Syèd har leidd bokbad med elevar som deltakarar på scena og som publikum.
Veka vart avslutta med konsert med Han Herman





