Fysikk 1-elevane, har saman med Andreas jobba med å berekne banen til rakettar. Dei har brukt programmering for å gjere nødvendige berekningar og simuleringar. Endeleg var det tid for å gjere målingar for å sjå om berekningane stemde.
I eit perfekt haustvêr gjekk klassen opp til Skansemyren. Det vart skote opp 6 rakettar som var berekna til å gå opp til 100 m høgt. I rakettane låg det måleutstyr som måler høgd, akselerasjon og diverse andre parametrar. Rakettane har ein fallskjerm som skal bli utløyst når raketten er på sitt høgaste.
Det var ei vellykka oppskyting!