Hopp til hovedinnhold

Elevrådet griller!

Gilling på skoleplassen

Elevane våre nyttar høvet til å skapa gode opplevingar midt i streiken. I dag var det grilling på skuleplassen. Eit initiativ som vart godt mottatt, og fekk elevane til å samlast ute rundt kastanjetreet.

Vi har oppfordra elevar om å komma sjølv om timeplanen er prega av timar som ikkje blir noko av. For mange elevar er dagane delvis utan undervisning eller heilt utan. Dei er viktig for oss å få formidla at vi ønsker elevar på skulen. Klasseromma er opne, biblioteket er ope og kantina open. I VIS ligg timeplanen slik han skulle vore utan streik, men med rommet "Lærer i streik" der timane går ut.

Både måndag, tysdag og onsdag denne veka, har elevrådet, Hugin, skuleavis og fleire, jobba for at elevar skal ha kjekke sosiale treff på skulen. Vi er mildt sagt strålande fornøgd og imponert over kva dei får til. I dag har ei eiga grillgruppe i regi av elevrådet grilla restar frå aktivitetsdagen. Det har vore god stemning på skuleplassen. Godt vêr god stemning. Elevar som ønsker å skapa noko positivt i ein kvardag som er vorte heilt annleis enn dei såg for seg når ferien var over. Tusen takk til elevrådet for god organisering.