Hopp til hovedinnhold

Streiken ved Bergen katedralskole

Illustrasjonsfoto

Skolen har vore sterkt prega av streiken. No er det 67 pedagogar som er ute i streik.

Sosiale aktivitetar

Bergen katedralskule har tradisjon med å ha mange organisasjonar/grupper. Desse har vore ekstra flinke no i streiken og vore aktive med å laga ulike arrangement for elevane. Vi har i tillegg hatt grilling, konsert og markert sjokoladens dag. Det har i perioden og vert gratis frokost måndag til torsdag og skulen har vore open fram til kl. 19.

Det er òg mange elevar som møter opp på skulen og jobbar med fag sjølv om dei ikkje har undervisning. Det er kjekt å sjå at det blir knytt band mellom ulike elevar både innover i klassane og generelt på skulen.

Gjennom heile streikeperioden har leiinga i skulen oppfordra elevane til å komma på skulen og støtta aktivitetane som elevane sjølv har tatt initiativ til. Avdelingsleiarane har i tillegg vandra mykje rundt på skulen for å snakka med elevane og for å svara på spørsmål som elevane har.

 

Dispensasjon for å ha undervisning

Skolen ved rektor vurderer jamleg om det er grunnlag for å søka om dispensasjon for enkelte grupper slik at lærarane deira kan få ha undervisning. Vi har heilt frå skulestart sendt inn søknader om dispensasjon. Nokon av dei er vorte avslått og andre blir innvilga. Når ein dispensasjonssøknad blir innvilga vil undervisningsgruppe som får starta opp med undervisning få SMS med melding dette. Timeplanen blir oppdatert og viser kva for rom elevane skal ha undervisning på, i staden for at det står «Lærer i streik». 

 

Rådgivarane er på skulen

Det er no vorte gitt dispensasjon for at rådgivarane kan vera på skulen. Det betyr at våre elevar har moglegheit til å ta kontakt med rådgivarane om dei treng hjelp eller støtte.

 

Undervisning når streiken er avslutta

Både vi som jobbar på Bergen katedralskole og Vestland fylkeskommune er opptatt av at streiken har gått hardt utover elevane ved skulen. Mange elevar bekymrar seg om det er forventa at dei har gjennomført mykje av lærestoffet på egenhånd under streiken. Når streiken er over skal lærarane starta undervisninga slik dei opphavleg hadde planlagt. Når det gjeld vurdering må lærarane bruka alternative vurderingsmåtar i større grad enn det som har vore vanleg for å sikra vurderingsgrunnlag utan at elevane får mange prøvar på kort tid.

 

Tilbod om fagleg rettleiing og hjelp

Kvart år pleier skulen å tilby studieverkstad/leksehjelp i matematikk og nokon gangar i andre fag. Frå veke 38 blir det tilbydd studieverkstad/leksehjelp i matematikk torsdag etter at undervisninga er ferdig kl 1400. Etter kvart håper vi å kunna utvida tilbodet til å omfatta fleire fag. Skulen har kjøpt inn lisensar til matematikkverktøyet Campus Inkrement til Vg1 og 2P for å hjelpa elevane til å jobba på egenhånd med faget. I haustferien vil dei vera tilbod om å vera på skulen for å få fagleg rettleiing og hjelp og delta på sosiale aktivitetar. Vi håper elevane nyttar seg av tilbodet og opplever det som ei god hjelp. Svar på denne undersøkinga.

På bakgrunn av erfaringane vi gjer i haustferien, vil eit tilsvarande tilbod kunna bli aktuelt i vinterferien. Vestland fylkeskommune jobbar med løysingar for undervisning som ikkje er vorte gjennomført på grunn av streiken.

 

Eksamen

Det er ikkje avklart om eksamen på studiespesialiserende utdanningsprogram vil bli gjennomført som planlagt for dei elevane som har vore utsette for langvarig streik. Dette blir avgjort av Kunnskapsdepartementet i samråd med Utdanningsdirektoratet. Vi har meldt bekymringa vår i forhold til skriftleg eksamen. Munnleg eksamen kan tilpassast situasjonen. På International Baccalaureate programmet vil eksamen gjennomførast som vanleg.

Dei elevane som nå i haust skal ta morsmålseksamen har fått hjelp til oppmelding.

 

Voksenopplæringen

Avdeling for Voksenopplæring har vore like prega av streiken som Katten. Majoriteten av lærarar er vorte tatt ut i streika og berre nokre få fag har hatt faglærarar som har gitt undervisning på dag og kveld.  Dei vaksne deltakarane våre har ikkje hatt same behov for sosiale arenaer.  Skulen har vore open for dei som har hatt behov og moglegheiter for å  komma og jobba saman eller åleine.

 

Kyrre

Avdeling Kyrre har det meste av tida hatt alle timane sine. Det var nokre lærarar som var ute i streik, men desse fekk dispensasjon etter ei stund. Dette er vi veldig glad for.

På Kyrre har vi hatt ein fin oppstart og mange av elevane deltar på dei sosiale arenaene våre.