Denne veka startar me med undervisningsevalueringa. Målet med evalueringa er at ho skal vera eit verktøy for kvalitetsutvikling i den vidaregåande opplæringa. Resultata vil brukast i utviklingsarbeid mellom lærar og undervisningsgrupper, og mellom lærar og avdelingsleiar.
Evalueringa blir gjennomført som ei elektronisk spørjeundersøking som elevane skal gjennomføra i skuletida. Det er frivillig for elevane å svara på, men me oppmodar alle elevar til å delta. Svara blir behandla konfidensielt, og ingen kan identifisera enkeltsvar. Det vil berre bli utarbeidde rapportar for grupper med 5 eller fleire svar.
Elevane skal evaluera undervisninga til lærarar. Kvar enkelt elev skal svara på evalueringa éin eller fleire gonger. Talet avheng av kor mange av undervisningsgruppene til eleven som blir valde ut til å evaluera. Det er også mogleg at ein elev ikkje skal evaluera nokon lærarar. Spørsmåla er like for alle fag/undervisningsgrupper. Spørjeskjemaet er utvikla i samarbeid mellom Rambøll og Vestland fylkeskommune. Skjemaet inneheld spørsmål fordelt på fem hovudtema; Motivasjon og meistring, Vurdering, Læringsmiljø og IKT i læringsarbeidet.