Her får de informasjon om vilkåra for å låne/leige skulelokale. De finn også lenke til bestillingsportalen.
Vestland fylkeskommune tilbyr utlån og utleige av lokale ved vidaregåande skular i tråd med ordninga Open skule. Aktivitetar der barn og unge under 20 år utgjer fleirtalet blir prioritert, og kan få gratis utlån innan fastsette rammer.
Ved bestilling pliktar leigetakar å setje seg inn i gjeldande vilkår og lokal informasjon for skulen.
Langsiktige avtalar (over 12 månader) skal inngåast av eigedomsavdelinga. Typisk der fylkeskommunen har lengre avtalar med vertskommunar eller idrettslag . Kontakt eDialog - send post på ein sikker måte - Vestland fylkeskommune
Utleigelokalar på skulen https://www.bookup.no/ søk opp lokalet og book her.
Ansvar ved bruk av lokale
Det skal vere ein vaksen person minst 18 år til stades som har ansvar for lokala i perioden leigetakar nyttar dei. Leigetakar og skulen avtalar om det er tilsynsvakt frå skulen, eller om leigetakar stiller med eigen tilsynsvakt. Leigetakar er ansvarleg for tryggleiken i leigeperioden for at ordensreglar og husreglar blir følgde, og for eventuelle skadar som oppstår i leigetida. Leigetakar er erstatningsansvarleg for skadar på bygg og inventar. Vestland fylkeskommune har ikkje forsikring som dekkjer leigetakar sitt medbrakte utstyr. Leigeavtalen og ansvaret blir stadfesta av leigetakar i bookUp.
Tilsynsvakt – rolle og oppgåver
Ein tilsynsvakt er ein vaksen person som har ansvar for tilsyn med lokala medan dei er i bruk ved utlån eller utleige. Tilsynsvakta skal bidra til trygg bruk av bygget og sørgje for at gjeldande reglar blir følgde.
Tilsynsvakta har mellom anna ansvar for å:
- vere til stades under heile leigetida
- sjå til at ordensreglar og husreglar blir følgde
- bidra til at brannvern- og tryggleiksrutinar blir overhaldne
- handtere mindre avvik eller uønskte situasjonar
- sjå til at lokala blir forlatne i ryddig og forsvarleg stand
Ordensreglar
- Lokala skal ryddast og forlatast i same stand som ved overtaking.
- Søl med vatn, mat eller drikke skal straks tørkast opp.
- Fast inventar skal ikkje flyttast eller endrast.
- Avfall skal sorterast. Større mengder avfall må leigetakar handtere sjølv.
- Skade på hus, inventar, utstyr eller personar skal snarast meldast til utleigar.
- Berre deltakarar i arrangementet skal ha tilgang til lokala.
- Røyking, alkohol og andre rusmiddel er forbode.
- Handtering av farleg materiale er ikkje tillate.
- Ansvarleg leigetakar eller tilsynsvakt kan vise bort personar som ikkje følgjer reglane.
- Lyd og støy skal haldast på eit nivå som ikkje er til sjenanse for naboar.
- Parkering skal berre skje på tilviste plassar.
- Nøklar eller adgangskort skal aldri lånast bort til andre
Brannvern og beredskap
Leigetakar pliktar å setje seg inn i brannvernrutinar og beredskapsplanar som gjeld for lokala. Maksimalt personantal for kvart lokale skal overhaldast strengt i samsvar med brannforskriftene.
Leigetakarar som nyttar lokale utan tilsynsvakt frå skulen, skal få brannvernopplæring av skulen sitt personale før bruk. Dersom opplæring ikkje er gjennomført, pliktar leigetakar sjølv å gjere seg kjend med rømmingsvegar, kontrollere at dei er frie, vite kor sløkkeutstyr og manuelle meldarar er plassert, og vurdere om deltakarar må informerast om rømming.
Viktige telefonnummer:
110 – Brannvesen
112 – Politi
113 – Ambulanse
116 117 – Legevakt
Rutinar for lån og leige
Rutinar for mellom anna overlevering og retur av nøklar, adgang til bygg, låsesystem og eventuell opplæring i bruk av lokale og utstyr.
Bruk av utstyr
Leigetakar kan berre bruke utstyr som er avtalt på førehand, og pliktar å følgje rettleiing frå skulen. Leigetakar kan nytte gjestenettet (VLFK-Gjest) der dette er tilgjengeleg. Bruken skal skje i samsvar med fylkeskommunale retningslinjer.
Brot på vilkåra
Ved manglande rydding, skade eller brot på reglane, kan leigetakar bli fakturert for ekstrautgifter. Gjentakande brot kan føre til utestenging.
Avbestilling