Hopp til hovedinnhold

Eksamensvakt

Kan du vere vakt under eksamen for Bergen Katedralskole? Vi treng både vakter som kan hjelpe til med elektronisk innlevering og følgjevakter på vanleg studiespesialiserande og på International Baccalaureat eksamenar

Eksamensperioden strekkjer seg i år frå 27. april til 21. mai, med størst behov for vakter ved norsk eksamen 5. mai.

Meld di interesse ved å svare på skjema på denne sida. Vi ber om at du fyller ut skjemaet sjølv om du har vore vakt hos oss før så vi får ein oversikt over dei datoane det passar best for deg å jobbe som eksamensvakt.  Når vi har fått oversikt over kor mange vakter vi treng pr. dag, vil vi gi deg beskjed om kva dagar vi har behov for deg.

Eksamensdagen startar med eit møte kl 08:00 og tiden for sjølve eksamenen vil variere mellom faga.

Alle som skal vera vakter på studiespesialiserande eksamen blir innkalla til eit obligatorisk informasjonsmøte tirsdag 28. april kl 14:30 i auditoriet på skulen. Det blir ført 2 timar eksamensvakthonorar for dette. 

Det er eigne reglar for gjennomføring av International Baccalaureat eksamen og det blir difor eit eige informasjonsmøte for dei som skal vera vakt der. Tid og stad for dette kjem seinare.

Honorar for vakter er 269 kr/timen.

Har du spørsmål kan du ta kontakt på e-post: post.bks@vlfk.no eller på telefon 55338200