Hopp til hovedinnhold

Kjeldehenvisningar - kvifor og korleis

Å bruke kjelder riktig blir viktigare dess lenger opp i utdanningssystemet du kjem, så det er lurt å lære seg dette. På denne sida finn du litt info om både kvifor du skal vise til kjelder og korleis du gjer det.

Kvifor refere/sitere?

  • Du skal anerkjenne andre forfattarar sitt arbeid
  • Du skal vise at du har sett deg inn i emnet
  • Du skal sette arbeidet ditt inn i ein større fagleg samanheng
  • Du skal vise at du beherskar teknikken med å oppgi kjelder
  • Du skal gi lesarane dine anledning til sjølv å sjekke kva som står i kjeldene dine

Feil eller manglande bruk av kjelder blir kalla plagiering.

Referanselister og referansestilar

Lengst bak i oppgåva skal det stå ei referanseliste/kjeldeliste. Det er lurt å notere ned navnet på referansene sine undervegs, slik risikerer du ikkje å gløyme nokon når du skal lage lista.

Det finst fleire såkalte siteringsstilar eller referansestilar, men felles for dei alle er at dei gir ein fast måte å behandle referansar på. Sjekk med læraren din om det er ønskeleg med ein spesiell referansestil, som f.eks. APA eller Chicago fotnotar. Dersom du sjølv kan velge stil er det viktigaste at du brukar den valte stilen gjennom heile oppgåva.

Korleis vise til referansar i teksten?

I den løpande teksten skal du vise til kjelder i referanselista: Dette gjer du ved å skrive forfatteren sitt etternavn og utgivelsesåret i parentes i APA-stilen, eller ved å bruke eit fotnotesystem som Chicago fotnotar.

Dersom du flettar forfatternamnet inn i teksten, skal du berre sette årstalet i parentes. I staden for personleg forfatter kan det vere ein institusjon, nokre gonger berre ein tittel.

Sitering: Når du brukar direkte sitat, skal henvisninga alltid innehalde sidetalet dersom teksten du siterer har sidetal.

Det finst mange gode nettstader som kan hjelpe deg å sitere/refere riktig: 

zoterologo

Bruk referanseverktøy

Det er heldigvis ikkje nødvendig å gjere alt arbeidet med å sette opp referanselister manuelt.

Skolen anbefalar at du brukar Zotero til både å lagre kjelder og setje inn referansar og kjeldelister. Programmet er gratis og fungerer på pc og Mac og i både Word, Google Docs og Open Office. Du kan også lage deg konto og bruke det på fleire maskiner. 

Dersom du brukar Word så har dei også sitt eige referanseverktøy, men Zotero er betre også i Word.