Hopp til hovedinnhold

Konsert!!!

Utklipp frå ulike instagram kontoar på skolen

Vi er så glade og imponerte over elevane våre. Vi er inne i den femte veka vår med streik. Framleis blir det arrangert aktivitetar der elevane er arrangørar. Vi ønsker framleis at alle skal komma på skulen. Det er mange som kjem, og den æra skal alle laga og foreiningane våre ha ein stor del av.

I dag er nasjonaldagen til Honduras markert med mat frå Honduras og leikar. Revyen held møte og planlegg årets revy og er nesten ferdig med auditionar. Hugin har arrangert temadager med premiering og belønning for deltaking. Nye og spennande foreiningar har komme til. Dette kjem til å vera viktige faktorar for godt skulemiljø òg når streiken er over. Les meir om lag og foreingar ved Bergen Katedralskole.

Til og med Bergen Katedralskole har funne vegen til Instagram. I morgon ønsker vi å gi noko tilbake og bidra til god steming til alle elevar på skulen. Vi inviterer derfor alle elevar til konsert i gymsalen. Artisen er Tribino, og konserten er i lunsjen fredag 16.9. Vi håper så mange som mulig finner veien, og får en god avslutning på uken!

Screenshot_20220907-143958-COLLAGE.jpg