Hopp til hovedinnhold

"Rekonstruksjon av Utøya" - Dokumentar

Plakat

«Rekonstruksjon av Utøya» er ein dokumentarfilm og eit undervisningsopplegg knytt til den Kulturelle Skulesekken. Undervisningsopplegget opnar for refleksjon kring vanskelege tema, som førebygging av radikalisering, demokratiske haldningar, livsmeistring, håp, skaparglede, engasjement og utforskartrong.

Dokumentaren «Rekonstruksjon av Utøya» handlar om fire unge som rekonstruerer si oppleving av terroren på Utøya i 2011. I filmen ser vi korleis dei fire ungdommane instruerer unge skodespelarar til å gjenskaper opplevinga. Ein psykolog er med og sikrar trygge rammer.  

Filmen tek opp vanskelege tema som kan utløyse sterke kjensler hos elevane. Både lærarar og helsesjukepleiar vil vere med under framsyninga på skulen. Undervisningsressursen er tilpassa dei erfaringar som kan kome.  

I tilknyting til opplegget frå den Kulturelle Skulesekken, får skulen óg besøk av to av ungdommane som er med i filmen. Den eine opplevde terroren på Utøya. Det er ei unik moglegheit for elevane å få den truverdige historia fortald frå dei som var der og for elevane å kunne stille spørsmål etter visning.