Klasse 1B var på dagstur i Oslo i går med samfunnskunnskapsfaget. Vi hadde ein kjekk, lærerik og sosial dag i Oslo, med spanande læringsspel om fagforeiningar på Folkets Hjørne, og deretter besøk på 22. juli-senteret.
Gjennom læringsspelet lærte vi om kor viktig det er å stå mange saman i arbeidslivet, kor avgjerande eit godt arbeidsmiljø er, og dessutan kor viktig det er å bli høyrd på ein arbeidsplass. Vi lærte òg at streik somme gonger kan vere nødvendig.
Besøket på 22. juli-senteret var krevjande, men svært interessant, med mellom anna fokus på kva konspirasjonsforteljingar kan gjere med menneske.
Lærarane syntest elevane i 1B var heilt topp å reise på tur med 🙂

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde

+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene
