I mai sende dei tillitsvalde ved Bergen katedralskole ein invitasjon til kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun. Me ville invitera henne til skulen vår for å kunna diskutera viktige tema og visa henne at den ærverdige skulen vår har engasjerte lærarar som bryr seg om elevane våre.
Onsdag 03. juni var det duka for storfint besøk av ein statsråd som stilte godt førebudd, noterte flittig og deltok aktivt i samtalen med lærarane. Ho fekk høyra engasjerte innlegg om eksamen, russefeiring, meiropplæring og KI. Dette er saker me er opptekne av fordi dei påverkar skulekvardagen i veldig stor grad. Målet var å få problematisert temaa og peika på konstruktive løysingar på dei utfordringane me møter i kvardagen.
Me takkar for eit innhaldsrikt og forhåpentligvis fruktbart møte!
