Her finn du informasjon for deg som skal starta på Bergen Katedralskole til hausten.
Oppmøte første skoledag
Første skuledag er 15. august. Dei ulike trinna møter i nedre gymsal:
Innføringsklasse: 10:30 - hovedinngang
Vg1: 09.00
Vg2: 10.00
Vg3: 11.00
Innføringsklasse
Elever i innføringsklassene møter opp i hovedinngang, torsdag 15.08, kl. 10.30. Kontaktlærere vil ønske dere velkommen der! Pupils in the introductory classes meet at main entrance, thursday, 15.08 at 10.30. Contact teachers will welcome you there!
Studiespesialiserande
Vi ønskjer alle nye elevar som skal starte på 1. trinn ved Bergen katedralskole velkomne! Alle møter i nedre gymsal kl. 09.00, torsdag 15.08. Fyrste skuledag varer til kl. 13.00. Vi har personar i hovudinngangen som viser veg inn til gymsalen. Her vil kontaktlærarane ta opprop, og du går då med læraren til klasserommet saman med dei andre elevane du skal gå i klasse med. I klasserommet ønskjer kontaktlærarane deg velkomen, og du får all naudsynt informasjon.
Skulen vil sende føresette påminning om oppstartsmøte på fredag. Her treff kvar enkelt elev kontaktlæraren sin for ein samtale. Elevane får tidspunktet av kontaktlærar torsdag. Føresette er herved oppmoda til å delta på møtet!
Forskole i matematikk
Vi arrangerer forskole i matematikk for nye elevar i Vg1. Det er avgrensa med plassar. Påmelding via skjema. Her kan du bli kjend med matematikkfaga på Vg1. Du får også møtt andre nye elevar og samtidig bli kjent med skulen. Dette er planlagt 12.8 til 14.8 kl 10-14 kvar dag.
Trivsel
Vi legg stor vekt på at nye elevar skal finna seg til rette. Vi set derfor av tid i dei første vekene til aktivitetar som skal hjelpa til med at klassane blir godt kjente med kvarandre. Første fredagen etter skulestart har vi aktivitetsdag. Då vil du saman med klassen møta oppgåver og utfordringar som vil gjera det lettare å komma i kontakt med dei andre elevane i klassen.
Etter to til tre veker reiser ein og ein Vg1 klasse til hytta til elevane på Katteli. Der er dei i to dagar med ei overnatting. Hytta vart bygd av elevar og lærarar i 1953. No er det elevane som eig hytta.
Visma InSchool
Visma InSchool (VIS) er eit skoleadministrativt system der du vil finna mellom anna timeplanar og oversyn over fråværet ditt. Du kan varsla fråvær og senda inn søknader i VIS. Føresette har også tilgang, men avgrensa
Du vil òg finna halvårsvurderingar og standpunktvurderingar i VIS.
Lånekassen
Så lenge du har ungdomsrett, kan du få stipend og lån frå Lånekassen etter reglane som gjeld for vanleg vidaregåande opplæring. Søknadsfristane er 15. november for haustsemesteret og 15. mars for vårsemesteret. Du kan søka så snart du har takka ja til ein skuleplass.
Samtykkefråsegn ang. fotografering.
Gjennom året tar vi bilde av aktivitetane til elevane på skulen. For at vi skal kunna publisera desse i kanalane til skulen, må eleven ha gitt samtykket sitt. Skjemaet blir lagra i skulanes digitale arkiv
Startsamtale
Andre skuledag vil alle elevar i Vg1 få samtala med kontaktlæraren sin. Dette er for at de skal bli litt kjente med kvarandre.
Lærebøker
Alle elevar får låna lærebøker på skulebiblioteket. Bøkene låner du med nasjonalt lånekort frå biblioteket.
Bokskap
Alle elevar får tildelt eit bokskap. Hugs å ta med eigen hengelås
PC til skolearbeid
Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Du kan kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune.
Eksterne lenkar
Val av matematikk
For at du skal komma i rett matematikk gruppe er det fint om du svarer på skjema.
Val av matematikk Vg1
Her finn du informasjon om matematikk på Bergen Katedralskole.
Lenka tar deg til eit spørreskjema
Meir informasjon
Ønsker du å vita meir om det å vera elev i Vg1?